| |
|
|
|
|
|
|
Etter to vellukka unghumanistkonferansar i Amsterdam (2002) og Berlin (2003), vart organisasjonen formelt etablert på nytt 1. september 2003, med nye vedtekter og eit ungt, aktivt styre. Marita Eriksen og Lars-Petter Helgestad frå Noreg vart valt som styremedlem. Lars-Petter var president i IHEYO frå 2006 til 2008. I dag er han leiar i Humanistisk Ungdom. |
Lars Petter Helgestad
|
Dei nemnde ungdomskonferansane i Europa vart følgde opp ein konferanse i Kampala, hovudstaden i Uganda (2004), Paris (2005) og Vijayawada (2006). Human-Etisk Forbund har alltid vore representert på IHEYO sine konferansar. Det sitjande IHEYO-styret, består av ein finne, ein nepalesar, ein nigerianar, ein hollendar, ein ugandar, ein belgiar, ein indar, ein kenyanar og ein nordmann.
Humanismen kan på ein måte seiast å ha eit meir konkret innhald i resten av verda enn i trygge Noreg. Mange stader dreier det seg framleis om å slåst for grunnleggjande menneskerettar som trus- og ytringsfridommen. Det er mange som framleis i 2007 vert undertrykte i religionen sitt namn, og IHEYO får nesten kvar veke e-post frå unge verda over, som er nyfikne på kva humanismen eigentleg går ut på.
Med dei store orda tek IHEYO sikte på å bl.a. bidraga til å utvikla samarbeidet mellom medlemsorganisasjonar og unge humanistar på eit internasjonalt plan gjennom å spreia informasjon og utveksla røynsler, og dessutan gjeva eit andlet til dei humanistiske visjonane kulturelt, sosialt og etisk gjennom å gjeva ei stemme til medlemma i det internasjonale samfunnet.
Les meir om IHEYO på www.iheyo.org.
Publisert 15.01.2009
|
|
|
|
|
|